søndag 31. oktober 2010

Film av Atillus




Tok litt filmer av Atillus i dag!

Kongen og drakamp er heilt topp synes Atillus!

På kursene no legger eg stor vekt på KNALL GOD belønning. Det trur eg Merethe såg verdien av sist ho og Teo var her...

Skal skrive meir ein annan dag :-)

søndag 24. oktober 2010

Trening med Jethro





Jethro er alltid like glad for å sjå meg ;-)


No har eg lagt inn bilder og dei kjem i motsatt rekkefølge av det eg legger inn,og eg får ikkje tekst mellom bildene, grrr. Nokon som veit kva eg gjer galt?



Da må eg prøve å komme i gang med treningsbloggen.. Har liksom ikkje komt heilt i gang med den... men det er så kjedelig når eg ikkje får det heilt til...



Eg begynte med 2 nye kurs forrige veke. Eg skal skrive litt meir om opplegget på kursene neste gong eg blogger. No vil skrive litt om trening sammen med Jethro, "Lillivo`s Super Trouper".

I dag kom Silje og Jethro hit til Svenseid for å trene litt.



Før treninga lufta me Mikke og Jethro i skogen sånn at me fekk legge ein plan for treninga. Jethro var nok meir glad for å sjå Mikke enn han var for å sjå denne juplingen som faktisk har vokst fra han.. Jethro fekk nokre hint om å roe seg nokre hakk men han var nok litt for gira.
Til slutt så gav Mike meget klar melding til Jethro og da roa han seg litt ned. Mikke er faktisk heilt suveren sammen med andre hunder. Han er tolmodig som få men gir klar melding om han må.

Eg tok fleire bilder av hundane men eg gidder ikkje legge inn fleire no når eg ikkje får til å lime dei inn på rett plass..

Elles trente me innkalling der me brukte klikker i det Jethro tverrsnur når Silje roper på han. Dette fungerte kjempe bra!

Me prøvde også å få opp int for å hente ting sånn at me kan overføre dette til feltsøk. Jethro henta ein hanske 3 gonger men datt heilt ut når me skulle prøve igjen etter litt forstyrrelser. Da tok me pause for gutten var nok trøtt etter masse leik og trening.

Pinneplukkinga i sporet lærte han på ein dag så dette blir nok ikkje problem!

For min del vart det lite trening i dag. Men me kjem sterkt tilbake :-)