torsdag 25. november 2010

Pepper rygger opp på veggen nov-10 033.MOV



I dag har me trent triks med galegutten Pepper, lettlært søt og morsom liten sak :-)

Skriver meir om få strakser.


Legger straks inn film fra Picard Agnes også :-)

tirsdag 23. november 2010

Jethro trener boks 033.MOV



Det er ei stund sidan sist eg har skrive i denne bloggen, så da er det på tide med litt oppdatering.

På videoen ser me Silje som trente med Jethro. Veldig moro å filme når me trener for da ser me ofte ting me ikkje legger merke til medan me holder på. Ikkje er det lett å sjå kor hunden har labben når den har ryggen til heller, så da kan det vera ein ide å vera to.

Og det er heller ikkje lett for hunden å forstå kva den skal om det ikkje blir respons på det han gjer.

Veldig moro å sjå uttrykket til Jethro når han får "klikk" og begynner å tenkja seg om- så søt!

I løpet av uka skal eg filme JRT Pepper som er heilt RÅ! Lover ein imponerande oppvisning!

lørdag 6. november 2010

Glimt fra kurskvelder



Dei siste kurskveldane har me trent på å trene inn diverse triks med bruk av klikker. Det som har vore den store utfordringa for dei fleste er vel timing og koordinering.... så det har blitt litt masse uff, åneii osv for å rette på seg sjølve. Så da må me trene på å fjerne det også + trene på å belønne kjappere.

For eksempel når me trente på rygginga må me klikke medan hunden er i bevegelse og ikkje når den stopper..

Picarden Agnes skjønte fort kva oppgåva var og jogger no elegant bakover. Trur John Arne fekk litt aha opplevelse ved bruk av klikkeren, her må me jammen vera våkne :-)
Viktig å belønne i sekundet.





Elles hadde hundane i lekse å trene inn å "vera flau"- altså gøyme hode under poten. Dette blir inntrent ved hjelp av tape på nasen og me klikker når hunden legger labben over snuten. Ekvipasjen Kristine/Pepper kom att ei veke etter med ferdig innlært triks!

Pepper er utruleg våken, lettlært og søt liten JR! Og Kristine liker virkelig å trene og trur ingen utfordring er for stor for gutten sin, he he. Sånn skal det vera- trua på at dette fikser vi er viktig uansett kva me vil oppnå!

Sist gong fekk Kristine i lekse å trene inn at Pepper skal læra å gå på to, altså på frambeina... Fekk melding her om dagen at ho var i full gang med prosjektet. Så da blir det spennande å sjå om dei har komt i mål til neste kurs-kveld.



Når det er inntrent skal eg filme det!

No skal eg gå tur, trene/leike og kose meg med mine eigne hunder.

Ha ein fin dag!

søndag 31. oktober 2010

Film av Atillus




Tok litt filmer av Atillus i dag!

Kongen og drakamp er heilt topp synes Atillus!

På kursene no legger eg stor vekt på KNALL GOD belønning. Det trur eg Merethe såg verdien av sist ho og Teo var her...

Skal skrive meir ein annan dag :-)

søndag 24. oktober 2010

Trening med Jethro





Jethro er alltid like glad for å sjå meg ;-)


No har eg lagt inn bilder og dei kjem i motsatt rekkefølge av det eg legger inn,og eg får ikkje tekst mellom bildene, grrr. Nokon som veit kva eg gjer galt?



Da må eg prøve å komme i gang med treningsbloggen.. Har liksom ikkje komt heilt i gang med den... men det er så kjedelig når eg ikkje får det heilt til...



Eg begynte med 2 nye kurs forrige veke. Eg skal skrive litt meir om opplegget på kursene neste gong eg blogger. No vil skrive litt om trening sammen med Jethro, "Lillivo`s Super Trouper".

I dag kom Silje og Jethro hit til Svenseid for å trene litt.



Før treninga lufta me Mikke og Jethro i skogen sånn at me fekk legge ein plan for treninga. Jethro var nok meir glad for å sjå Mikke enn han var for å sjå denne juplingen som faktisk har vokst fra han.. Jethro fekk nokre hint om å roe seg nokre hakk men han var nok litt for gira.
Til slutt så gav Mike meget klar melding til Jethro og da roa han seg litt ned. Mikke er faktisk heilt suveren sammen med andre hunder. Han er tolmodig som få men gir klar melding om han må.

Eg tok fleire bilder av hundane men eg gidder ikkje legge inn fleire no når eg ikkje får til å lime dei inn på rett plass..

Elles trente me innkalling der me brukte klikker i det Jethro tverrsnur når Silje roper på han. Dette fungerte kjempe bra!

Me prøvde også å få opp int for å hente ting sånn at me kan overføre dette til feltsøk. Jethro henta ein hanske 3 gonger men datt heilt ut når me skulle prøve igjen etter litt forstyrrelser. Da tok me pause for gutten var nok trøtt etter masse leik og trening.

Pinneplukkinga i sporet lærte han på ein dag så dette blir nok ikkje problem!

For min del vart det lite trening i dag. Men me kjem sterkt tilbake :-)

fredag 24. september 2010

Ny blogg

No vil eg lage ein ny blogg som eg vil bruke til å legge inn bilder og tekst fra kurs og treninger. Håper at kursdeltakerne vil sette pris på det :-)





Blogtown er ikkje heilt til å stole på for tida. Når man no endelig kjem inn på bloggen så hopper den til ulike innlegg noko som er MEGET irriterande! Bortsett fra det så liker eg Blogtown veldig bra og kjem til å skrive som vanleg i den. Denne nye bloggen tenkjer eg mest som kurs og trenings-blog.

I dag legger eg inn ein filmsnutt av Atillus som går spor! Det er mange som ønsker å læra meir om spor så eg kjem til å ha eit introkurs 23-24 oktober. Ta kontakt om de ynskjer å vera med.

Legger inn film av Atillus som går spor:

g


Skal legge inn fleire bilder og filmer, men det har tatt litt tid å prøve og feile- er ikkje så teknisk men eg fann til slutt ut av det :-)