torsdag 25. november 2010

Pepper rygger opp på veggen nov-10 033.MOV



I dag har me trent triks med galegutten Pepper, lettlært søt og morsom liten sak :-)

Skriver meir om få strakser.


Legger straks inn film fra Picard Agnes også :-)

tirsdag 23. november 2010

Jethro trener boks 033.MOV



Det er ei stund sidan sist eg har skrive i denne bloggen, så da er det på tide med litt oppdatering.

På videoen ser me Silje som trente med Jethro. Veldig moro å filme når me trener for da ser me ofte ting me ikkje legger merke til medan me holder på. Ikkje er det lett å sjå kor hunden har labben når den har ryggen til heller, så da kan det vera ein ide å vera to.

Og det er heller ikkje lett for hunden å forstå kva den skal om det ikkje blir respons på det han gjer.

Veldig moro å sjå uttrykket til Jethro når han får "klikk" og begynner å tenkja seg om- så søt!

I løpet av uka skal eg filme JRT Pepper som er heilt RÅ! Lover ein imponerande oppvisning!

lørdag 6. november 2010

Glimt fra kurskvelder



Dei siste kurskveldane har me trent på å trene inn diverse triks med bruk av klikker. Det som har vore den store utfordringa for dei fleste er vel timing og koordinering.... så det har blitt litt masse uff, åneii osv for å rette på seg sjølve. Så da må me trene på å fjerne det også + trene på å belønne kjappere.

For eksempel når me trente på rygginga må me klikke medan hunden er i bevegelse og ikkje når den stopper..

Picarden Agnes skjønte fort kva oppgåva var og jogger no elegant bakover. Trur John Arne fekk litt aha opplevelse ved bruk av klikkeren, her må me jammen vera våkne :-)
Viktig å belønne i sekundet.





Elles hadde hundane i lekse å trene inn å "vera flau"- altså gøyme hode under poten. Dette blir inntrent ved hjelp av tape på nasen og me klikker når hunden legger labben over snuten. Ekvipasjen Kristine/Pepper kom att ei veke etter med ferdig innlært triks!

Pepper er utruleg våken, lettlært og søt liten JR! Og Kristine liker virkelig å trene og trur ingen utfordring er for stor for gutten sin, he he. Sånn skal det vera- trua på at dette fikser vi er viktig uansett kva me vil oppnå!

Sist gong fekk Kristine i lekse å trene inn at Pepper skal læra å gå på to, altså på frambeina... Fekk melding her om dagen at ho var i full gang med prosjektet. Så da blir det spennande å sjå om dei har komt i mål til neste kurs-kveld.



Når det er inntrent skal eg filme det!

No skal eg gå tur, trene/leike og kose meg med mine eigne hunder.

Ha ein fin dag!