lørdag 6. november 2010

Glimt fra kurskvelder



Dei siste kurskveldane har me trent på å trene inn diverse triks med bruk av klikker. Det som har vore den store utfordringa for dei fleste er vel timing og koordinering.... så det har blitt litt masse uff, åneii osv for å rette på seg sjølve. Så da må me trene på å fjerne det også + trene på å belønne kjappere.

For eksempel når me trente på rygginga må me klikke medan hunden er i bevegelse og ikkje når den stopper..

Picarden Agnes skjønte fort kva oppgåva var og jogger no elegant bakover. Trur John Arne fekk litt aha opplevelse ved bruk av klikkeren, her må me jammen vera våkne :-)
Viktig å belønne i sekundet.





Elles hadde hundane i lekse å trene inn å "vera flau"- altså gøyme hode under poten. Dette blir inntrent ved hjelp av tape på nasen og me klikker når hunden legger labben over snuten. Ekvipasjen Kristine/Pepper kom att ei veke etter med ferdig innlært triks!

Pepper er utruleg våken, lettlært og søt liten JR! Og Kristine liker virkelig å trene og trur ingen utfordring er for stor for gutten sin, he he. Sånn skal det vera- trua på at dette fikser vi er viktig uansett kva me vil oppnå!

Sist gong fekk Kristine i lekse å trene inn at Pepper skal læra å gå på to, altså på frambeina... Fekk melding her om dagen at ho var i full gang med prosjektet. Så da blir det spennande å sjå om dei har komt i mål til neste kurs-kveld.



Når det er inntrent skal eg filme det!

No skal eg gå tur, trene/leike og kose meg med mine eigne hunder.

Ha ein fin dag!

2 kommentarer:

  1. Hmmm, bildene kjem ikkje heilt der dei skal men no bruker eg ikkje meir tid på det..

    Nokon som veit kva eg gjer galt?

    SvarSlett
  2. Hehe...ser ut som Agnes har fanget seg en blekksprut =0) Og så fornøyd med det!! Hun har jo blitt så flink!! Stor framgang på den jenta!!

    Vi er nå i gang med prosjektet vårt! Og det er nok meg det står på denne gangen kjenner jeg...så da får vi se om jeg er god nok til å bruke hodet slik at Pepper skjønner hva jeg vil!!GØY=0)

    SvarSlett